Me ser til Herren for veien vidare

10.01.2015 /

No har det nesten gått eit år sidan me flytta til Manila, hovedstaden på Filippinene. Det har skjedd mykje dette året. Det har vore tungt, og det har vore mange utfordringar. Men når me ser tilbake på det, ser me at Gud har jobba i dei tunge tidene, og me føler at me har komme styrka ut av det. 

Me har komme godt i gang med å lære språket Tagalog, som er det offisielle språket på Filippinene. Læraren vår
«ate (storesøster) Ning» kjem trufast heim til oss tre dagar i veka og har språktimar med oss. I tillegg til ate Ning har Nils Gunnar ein språkhjelpar som heiter Dave. Hushjelpa vår «ate Minda» er ei god hjelp for oss på vardagane. 

Ungane trives og har stor glede av kvarandre. Babyen vår, Daniel Mathias, som blei født her i Manila i juli, likar oppmersomheten han får frå søstrene. 

Ingeborg studerer tagalogManila er ein stor by med rundt 20 millionar innbyggarar. Det er enorme kontrastar mellom fattig og rik. Det gjer noko med oss å oppleve dette på nært hold. Leiligheten me bur i er nær gjestehuset og kontoret til NTM, så me er ofte innom der. Dette har bidratt til at me har fått møte størsteparten av NTM misjonærane på Filippinene i løpet av dette året. Det er oppmuntrande å høyre om dei ulike arbeida som pågår og at folk i dei ulike stammene veks i kjennskap til Han.

Me ser til Herren for veien vidare for oss som familie.

Helser med Nahum 1:7

HERREN ER GOD, EIT VERN PÅ TRENGSLEDAGEN. 

HAN TEK SEG AV DEI SOM SØKER TILFLUKT HOS HAN.

Comments are closed.

n@w-nov11_Cover-105x160

envelope

Left Menu Icon